Fungerer såvidt
Eg kjøpte Kompis 2 til katten min for halvannan månad sidan. Fyrst var det problem med sendinga, men det var trass alt ikkje Gator, men PostNord sin feil. Det var ein heil del knoting for å få lagt inn einheiten i appen, og det var ikkje veldig mykje hjelp i nettsidene. Brukarrettleiinga på nettsidene er lagt opp til klokkene, som har ein skjerm der ein får beskjedar, på Kompis er det ingen skjerm. Det er nokså ubrukeleg å ikkje ha eiga rettleiing til Kompis som er eit nokså ulikt produkt enn Gatorklokkene. Eg måtte og ta kontakt med Gator for å få tilsendt telefonnr til einheiten, og det tok lenger enn venta. Til slutt, etter å ha fikla i ei veke, fungerte det – løysinga var å ringe opp einheiten via appen (det stod ingenting på nett om at dette var eit lurt triks). Batteriet held ca 14 dagar og eg finn katten min. Ikkje vidare imponert over appen, han har ein heil del funksjonar som verkar unødvendige. Men det viktige, som er å finne ut kvar katten er, fungerer hittil.
Les på Trustpilot